Drangedal
Drangedal kommune er nord i det historiske distriktet Vestmar, som i tillegg til Drangedal dekker dei gamle kommunane Sannidal, Skåtøy og Kragerø. Drangedal sentrum, Prestestranda, ligger 31 km nord for krysset der Fylkesveg 38 frå Kragerø til Vinje kryssar dagens E18. I sør er kystkommunane Kragerø og Bamble, begge knytta til Drangedal med gammal ferdsel over innsjøen Toke (areal ca 28 km2 og ca 60m.o.h.).
Sørlandsbanen blei bygd gjennom Drangedal i åra 1926-27 og knytta til Kragerøbanen ved Neslandsvatn stasjon etter opninga av traseen 1. desember 1927. Kragerøbanen blei nedlagt i 1988. Drangedal er frå gammalt av kjent som skogbygda i Telemark. Arealet er 1062 km² og lengste vegavstand sør-nord er ca. 100 km. Frå Drangedal kjørke i kommunesenteret er det 20 km til Tørdal kjørke og 26 km til Kroken kjørke. Til sentrum i Kragerø er det 44 km og til Skien 60 km. Elles grensar Drangedal til Nome kommune (Lunde) i nordaust, Kviteseid (Vrådal) i nord og Nissedal og Gjerstad (i Aust-Agder) i vest.
Mange pendlar over kommunegrensa til Porsgrunn, Skien og Kragerø, ja heilt til Oslo. Fine rekreasjonsområder både sommar og vinter, mykje og vakker natur, og miljøkvalitetane i lokalsamfunnet gjør at mange ønsker Drangedal som bustad framfor byen. Drangedal nådde sitt maksimale folketal i 1940-åra. Ved folketellinga i 1946 var det 5091 innbyggarar. Folketalet er nå stabilt. I andre kvartal 2017 var det 4139.
Tidligare var det to sokn: Drangedal og Tørdal. Frå gammalt hørte Tørdal til Oslo bispedømme mens Drangedal hørte til Stavanger (seinare Kristiansand). Frå 1864 kom også Tørdal under Kristiansand. Drangedal sokn, med sentrum i Prestestranda, har rundt 2200, innbyggarar, Tørdal snautt 800. I 1988 blei Kroken heilt i sør- eige sokn, og den delen av kommunen har i dag omkring 1100 innbyggarar. Det er nå tre grunnskular i kommunen: Tørdal skule på Bø, Drangedal 10-årige skole, Prestestanda (tidligare Solberg skole) og Kroken skole, Neslandsvatn (tidligare Heldal skule).